Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplanen

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Vaksdal kommune. Målet er at alle som handterer dokument som vert til som ledd i den verksemda kommunen driv, skal kunne finna informasjon om kva retningslinjer som må følgjast, og kva løysinger kommunen har på arkivområdet.

Arkivplanen vert oppdatert jamnleg. Det vert sendt ut melding til berørte partar umiddlebart etter at ein revisjon/korrigering er utført.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjonen som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal arkivleiar kontaktast. Arkivleiar Sølvi Legård kan kontaktast på telefon 56594464 eller e-post solvi.legard@vaksdal.kommune.no

Kommunen sin arkivleiar vil ha det daglege ansvaret for å følgje opp bestemmelsane i arkivplanen i forhold til alle verksemder i kommunen.

Laster...