Utskriftsvennlig versjon

WebSak Fokus rutiner

 

Arkivrutine

 

Saksbehandlerrutine

 

Skrivereglar for bruk i Websak

Felles skrivereglar og registreringsreglar for kommunene i Nordhordaland

Det skrivne ord er ein viktig del av vårt ansikt ut. Den som mottek skriftleg informasjon frå kommunen, anten i form av eit brev, ei brosjyre eller eit annet dokument, danner seg ei oppfatning av kommunen.

Difor er det nødvendig med like skrivereglar/registreringsreglar for kommunetilsette.

 

Skrifttypar

Alle registreringsbilete og malar i WebSak fokus har førehandsdefinert skrifttype og storleik. Desse skal ikkje endrast. Skrifttype Calibri og font str 11 skal nyttast.

 

Sakstittel

Skal vera dekkjande for alle komande dokument i saka, og beskrive saka så godt som mogleg. Den skal gje meining og skilje saka frå andre saker.  Det er viktig ved journalføring at ein tenkjer på kva opplysningar det kan vere aktuelt å søkje på ved seinare høve.

 

Journalpost/dokumenttittel

Skal i korte trekk skildra brevinnhaldet, den skal vera slik at den lett identifiserer dokumentet, og for å skilja dokumenta i arkivsaker frå kvarandre.

Bruk ikkje forkortingar når det ikkje er nødvendig. Forkort aldri om det kan føre til tvil eller mistydning. Vedlegg skal ha ein kort eigen tittel som beskriv vedlegget. 

Laster...