Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Organisering av arkivtenesta

Arkivtenesta i Vaksdal kommune er organisert med eit felles postmottak på heradshuset.

Vaksdal kommune har felles elektronisk saksarkiv for alle tenesteområde som er knytt til Websak, for følgjande arkivdeler:

Saksarkiv (SAK), personalarkiv (PERS), møte (MØTE), bygg-, dele-, oppmålings- og landbrukssaker (GBNR), plansaker (PLAN), startlån (START), barnehagearkiv (BARN), elevarkiv (ELEV), skattearkiv (SKAT) og kontrollutvalet (KONT)

PPT, NAV og barneverntenesta er i gang med fullelektronisk arkivering i fagsystema dei nyttar. Pleie og omsorg er papirbaserte sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemiddel i sakshandsaminga og til arkivering. 

Arkivskaparar i Vaksdal kommune er sentraladministrasjonen og alle tenesteområda.

Arkivleiar skal kvalitetssikre det fullelektroniske arkivet etter reglar for fullelektronisk arkiv. Tenesteområda med papirarkiv skal kvalitetssikre og ordne arkiva etter gjeldande lover og forskrifter.

Arkivskaparar i Vaksdal kommune

Følgjande arkivskaparar skal byggja opp og halda ved like arkivseriar i kommunen;

  • Sentralarkiv/saksarkiv for heile kommunen.
  • Gnr/bnr-arkiv for plan, bygg-, dele-, oppmålings- og landbrukssaker
  • Personalarkiv
  • Møtebøker
  • Barnevernsarkiv
  • Brukermapper PPT
  • Klientarkiv Psykisk helse
  • Pleie og omsorg
  • Helsestasjonen
  • Legekontoret
  • Dale barne- og ungdomsskule
  • Vaksdal skule
  • Stanghelle skule
  • Stamnes skule
  • Eksingedalen skule
  • Dale barnehage
  • Vaksdal barnehage
  • Stanghelle barnehage
  • Stamnes barnehage

Alle arkivskaparane skal vedlikehalda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.

Laster...