Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering

Kommunestyret er kommunen sitt øvste styrande organ med 21 representantar.

I tillegg til kommunestyret har formannskapet og utval for levekår den politiske styringa i kommunen.

Ordførar
Ordføraren er kommunen sin fremste folkevalde og rettslege representant. Ordføraren leiar møta i kommunestyre, formannskap/plan- og økonomiutvalet og administrasjonsutvalet. Ordføraren representerer kommunen i mange samanhengar og har hovudansvaret for kontakt med media. Ordføraren er bindeleddet mellom politikk og administrasjonen.

Eirik Haga (f.1957) er ordførar i Vaksdal. Han er vald inn i kommunestyret frå Arbeidarpartiet og har hatt politiske verv i ei årrekkje.

 

Laster...