Glemt Passord?

Administrasjonshistorie

Kontorsjef var tidligere sjef for administrasjonen i kommunen (fram til ca 1970),  deretter ble det rådmann, i 2022 kommunedirektør. Rollen er lik uavhengig av tittel.

Rådhuset har vore på Heradsheimen fram til 1983, i 1983 vart det flytta til Røyset, og i 2010 til rådhuset på kaia

Helse og sosial:

1995 vart heimesjukepleien slått saman med sjukeheimen. Da var det 3 etatar, helse, sosial og pleie og omsorg fram til 2000.

01.01.2000 vart det omorganisering innan helse og sosial. Vi fekk helse. og sosialsjef og all post skulle førast inn i postjournal på sosialkontoret hos helse- og sosialsjefen.

15.12.2000 vart det ny omorganisering der vi gjekk tilbake til organiseringa slik den var før 01.01.2000 - helsesjef, sosialsjef og pleie- og omsorgssjef.

Etter 15.12.2000 vert alle ikkje avslutta saker førde tilbake frå helse- og sosialsjefen til helsesjef, sosialsjef og pleie- og omsorgssjef.

2013: Dei tre einingane helse, sosial og pleie- og omsorg vart slått saman til ein helse- og omsorgsetat

Barnevern lå fram til 2006 under sosialkontoret. Etter 01.04.2006 ble det interkommunalt samarbeid med HAFS interkommunale barnevernteneste.

Sosialetaten: Fram til etablering av NAV i 2008 var sosialetaten ein del av helse- og sosial. Fram til etablering av NAV i 2008 var sosialetaten ein del av helse- og sosial. Sosialkontoret var slått saman med NAV. NAV ligg frå 2008 direkte under rådmann, delt i ein kommunal og ein statlig del.

Rus: Fram til 2022 låg rusfagfeltet under sosialetaten. 2022: Rusfagfeltet ble flytta frå NAV til helse- og omsorg, seksjon helse.

Folkehelsekoordinator var under oppvekst frå 2009 og fram til 2013, så vart den flytta til sentraladministrasjonen, i 01.07.2013 vart den organisert under helse og omsorg, seksjon helse. i 2019 vart stillinga flytta tilbake til sentraladministrasjonen.  

Sjukeheim og gamleheim: Fram til 1979 var sjukeheimen fylkeskommunalt og gamleheimen kommunal.

Psykiatri og heimetenesta: 1995: organisert under pleie og omsorg. Etter 2013 var det under helse og omsorg, seksjon helse

 Helsestasjon: Har vore organisert under helse- og sosialt, med unntak av 2009-2012 da helsestasjonen med helsesøster og jordmor lå under oppvekst. 

Nærmiljøsentralen var oppretta i 1991 og var først organisert under Sentraladministrasjonen. Frå 2009 var nærmiljøsentralen organisert under Pleie- og omsorg. Frå 2013 vart det overført til Helse- og omsorg, avd. Helse

Teknisk: i 2016 ble teknisk og bygg og eigedom skilt til to einingar. Teknisk hadde ansvar for parker, veg, avløp, vatn, brann. Bygg og eigedom for byggesak, plan og kommunale eigedomar

Driftsentralen / vaktmestersentralen vart frå 2016 oppretta som eigen eining under rådmann. Før 2016 var dei organisert under teknisk drift.

Brann: 01.05.2016 ble det inngått interkommunalt samarbeid med Førde kommune på brann.

Flyktningtenesta har heile tida vore organisert under sentraladministrasjonen

Økonomi og løn har alltid vore organisert under sentraladministrasjonen

Personalsaker var fram til 1995 organisert under sentraladministrasjonen. Etter 1995 vart personal flytta ut på einingane (dei starta nye saksmapper). Frå 2024 er tilsetjing flytta tilbake til sentraladministrasjonen, mens resten ligg ute på einingane

Kultur og næringskontor

1981-1994: landbrukskontoret var statlig

01.01.1990: Næringskontor bestod av 3 einingar - landbruk, fiskeri og næringskonsulent. Bare næringskonsulent var kommunal

01.01.1994: Næringskontoret ble til Kultur- og næringskontor med landbrukseining, kultureining (Sjå organisasjonskart)

01.01.2007: Kultur og Næringskontoret ble oppløst. Landbruk ble interkommunalt landbrukskontor med Fjaler. Bibliotek ble lagt under oppvekst, kultursekretær ble lagt under sentraladministrasjonen, ungdomsleiar og folkehelsekoordinator ble lagt under sentraladministrasjonen.

Interkommunalt landbukskontor med Askvoll og Fjaler. Oppretta i 2007. Frå 01.08.2020 ble Hyllestad med i internasjonalt samarbeid

Næringsarbeidet: Fram til 2015 låg næringsarbeidet under rådmann. Næringsarbeidet var satt ut til HAFS utvikling frå 2015 til 2017, eit interkommunalt selskap med kontor i Fjaler. Næringsarbeidet er etter 2018 organisert under rådmann.

Biblioteket ble organisert under oppvekst frå ca 2007 

Oppvekst: all sakshandsaming har foregått på Rådhuset under skulesjefen, ikkje på skule og barnehage. Ca 2018: det vart oppretta mapper på alle elevar. Før dette var det berre mapper om det var noko spesielt med eleven. Barnemapper der det ikkje er noko spesielt (feks spesialpedagogiske tiltak) ligg ikkje i websak fram til 2024. Det er heller ikkje oppretta papirmapper med mindre det er noko spesielt. 

Sentralarkiv: i 2003 gjekk vi vekk frå arkiv på etatane og over til sentralarkiv. Før dette vart det mykje dobbeltarkivering i sentralarkiv og etatane